Fotocredit:

– Ulovleg vedtak

– Miljøpartiet Dei Grøne er fortsatt av den oppfatning at vedtaket om å ikkje gje innbyggarinitiativet mot oppdrettsaktivitet i Ullsfjorden medhald, er ulovleg, sa Askild Gjerstad i Fylkestinget 15.mars. 

mars 16, 2017

Miljøpartiet De Grønne stilte i desember i fjor eit forslag om konsekvensutredning av to oppdrettslokalitetar i Karlsøy Kommune i Fylkestinget i Troms. (Forslaget kan lesast her)

Dei Grøne, SV og Raudt stilte 15.mars krav om lovligheitskontroll av vedtaket i fylkestinget om å ikkje gje inbyggarinitiativet medhald. Det er gjort fleire saksbehandlingsfeil i saken, også det som må kunne kallast grove saksbehandlingsfeil.

1. Fylkesrådet vurderer fangstgrunnlaget i det aktuelle området feil. Fylkesrådet set ein fangstverdi til 167 000 i året. Det korrekte talet for område 28 er minimun 5-6 millionar kroner i året. Og, i si grunngjeving for å avvise Sametingets krav om konsekvensutgreiing, forvekslar fylkesrådet vestsida og austsida av Reinøya.

2. Erfaringsbasert kunnskap er ikkje kartlagt i samband med dei gjeldande søknadane eller i kystsoneplanen. Etter naturmangfaldsloven §8, skal myndighetane leggja vekt på erfaringsbasert kunnskap.

3. Registreringa av gyteområde er mangelfull. Fiskeridirektoratet si avvising av gyteområde er langt frå eintydig. Det skal bli gjort nye vurderingar av gyteområde i år. Fiskeridirektoratet erkjenner at fiskarane kan ha rett i at lokaliteten Lubben kan vera eit viktig gyteområde.

Elles burde fylkesrådet reagert på at fiskeridirektoratet sine utalingar både inneheld store feil og ikkje vurderer de områder de er satt til å vurdere, som for eksempel samiske interesser.

- Elles burde fylkesrådet reagert på at fiskeridirektoratet sine utalingar både inneheld store feil og ikkje vurderer de områder de er satt til å vurdere, som for eksempel samiske interesser.

Fylket en overkommune?

MDG si haldning er at me skal ta inbyggarinitiativ på alvor, og vår ryggmergsrefleks tilseier også at kystfisket er av uvurderleg verdi for Nord-Norge.  Likevel er det to prinsipielle politiske spørsmål som me må ta stilling til når me vurderer om fylkestinget kan koma inbyggarinitiativet i møte.

1. Vil fylkeskommunen fungera som ein overkommune dersom me ber om konsekvensutgreiing av dei to aktuelle lokalitetane? Fleire forhold peikar på at svaret er nei. For det fyrste har Karlsøy kommune i samanheng med at dei vedtok kystsoneplanen føresett at vidare utgreiingar er nødvendig når aktuelle tiltak blir konkretiserte. Dette er ikkje gjort.

For det andre er det altså tatt eit innbyggarinitiativ i den aktuelle kommunen som er Karlsøy kommune. Å be om ei konsekvensutgreiing er ikkje å vera ein overkommune. Det er å ta lokalbefolkninga og kystfiskarane i Karsløy kommune på alvor.

Tydeleg krav

2. Er fylkestinget rett forvaltningsorgan? Kan fylkestinget krevja konsekvensutgreiing?

Fylkesrådet skreiv i si innstilling i desember: «Troms fylkeskommune legger til grunn at det er det omsøkte tiltakets innvirkning på fiskeri i området som er relevant i Sametingets oppfordring om KU. Som ansvarlig myndighet finner vi at dette spørsmålet er tilstrekkelig opplyst til å vurdere spørsmålet og at en KU ikke vil tilføre saken noe vesentlig nytt. Det konkluderes derfor med at det ikke grunnlag for å kreve videre utredning av dette etter KU-forskriften.»

Fylkesrådet er altså tydelege i sin konklusjon. Fylkestinget kan fatta vedtak om konsekvensutgreiing.

Miljøpartiet Dei grøne sin konklusjon er like tydeleg: Me ynskjer ei konsekvensutgreiing.

- Å be om ei konsekvensutgreiing er ikkje å vera ein overkommune. Det er å ta lokalbefolkninga og kystfiskarane i Karsløy kommune på alvor.