To frå Troms i sentrale tillitsverv

IMG_0267

 

Det største landsmøtet i Miljøpartiet Dei Grøne si historie blir avslutta i dag i Stavanger. Frå Troms er Barbara Vögele valt til sentralstyret, og Terje Traavik er valt til leiar av programkomiteen etter ei spanande kampvotering sundag morgon.

Troms-delegasjonen var representert med delegatar frå heile fylket: Lena Albrigtsen (Harstad, til venstre på biletet), Terje Traavik (Tromsø), Barbara Vögele (Tromsø), Ruth Bech (Målselv), Espen Rotevatn (Svalbard) og Tor Mikalsen (Kåfjord).

Dei Grøne byrjar det viktige arbeidet med nytt arbeidsprogram til stortingsvalkampen allereie no. Terje Traavik (72 år) frå Tromsø blei valt til leiar for den viktige programkomiteen.

– Eg gler meg utruleg mykje til å gå i gong. Me startar opp arbeidet med eit nytt arbeidsprogram for 2017-2021 så fort som mogeleg og ser fram til å inkludera heile partiorganisasjonen i denne grøne politiske verkstaden, sa Traavik etter at han var blitt valt.

Traavik er utdanna veterinær og dr.philos innan virologi. Han har bakgrunn fra Sosialistisk Folkeparti fra 70-talet, og satt i Tromsø kommunestyre for partiet Venstre frå 1985 til 1989. Han har også vore forskningssjef ved Genøk – senter for biosikkerhet ved Universitetet i Tromsø frå 2001 til 2011.

Landsmøtet har vedtatt tolv resolusjonar.  Jordvern, merking av reklame, sundagsopne butikkar og solidaritet med flyktningane frå Syria og i Middelahavet er nokre av resolusjonane som er vedtatt. Ein kan lesa medieomtale av dei nemnte resolusjonane ved å klikka på dei.

Heile landsmøtet blei videooverført direkte, og her ligg fullstendige videoar frå alle tre dagane og dei viktigaste talane på landsmøtet.