Sterke målingar i Nordreisa og Lyngen

nordreisa-page-001

Vel to månader etter at det blei stifta lokallag og levert liste i Lyngen og Nordreisa, er Miljøpartiet Dei Grøne inne i kommunestyret i begge kommunane i ei meiningsmåling som er gjennomført av NRK Troms og Framtid i Nord.

Begge lokallaga har gjort seg kjent i lokalmiljøet gjennom ulike utspel i media. Fyrstekandidat i Lyngen, Mikal Nerberg, gjorde ein imponerande radiodebut i NRK Troms i april i debatt med Ola Gievær. Gievær ynskjer å starta transport av skituristar til fjells med helikopter i Lyngen, og Nerberg som er fjellførar til dagleg argumenterte for at dette vil øydelegga for mange av dei som går på ski til fots i Lyngen.

MDG i Lyngen fekk 4,5% oppslutnad i målinga, og partiet vil med ei slik oppslutning på valdagen få ein kommunestyrerepresentant i Lyngen. Mikal Nerberg ser dette som motiverande.

-Dette er såklart motiverande no som vi tar fatt på valkampen. Det er gledeleg å registrera at vi allerede har såpass støtte lokalt, seier fyrstekandidat Mikal Nerberg til NRK.

MDG i Nordreisa har fått mykje merksemd i lokalavisa for nordtroms, Fremtid i Nord, sidan oppstarten i slutten av mars. Fyrstekandidat Mattis Nyheim har kome med utspel om lakseoppdrett og investeringsavtalen TTIP.

Lokallaget sin overraskande vekst er slått opp på framsida og på to heilsider inne i avisa laurdag 13.juni. Under overkrifta «Grønn bølge i Nordreisa» svarar Nyheim mellom anna på om han er overraska over at MDG får 4,7% på meiningsmålinga og derfor ligg an til eitt mandat i Nordreisa.

– Var det uventa at de skulle få 4,7 prosent?
– Både ja og nei. Vi starta kun for nokre månader sidan og har ikkje gjort voldsomt ut av oss. Vi er ferske og prøver fortsatt å finne ut av ting. Så sånn sett er det overraskande. Men med tanke på at dei verdiane og det synet vi representerer blir viktigere og viktigere, så er det ikkje så uventa, seier Nyheim til Framtid i Nord.