Skuleringshelg i Tromsø

P1000278

Laurdag 25.-sundag 26.april inviterer Miljøpartiet Dei Grøne i Troms til skulering i grøn politikk og kommunikasjon i Tromsø. Denne gongen blir politisk rådgjevar for MDG på Stortinget, Knut Falk Qvigstad, med som innleiiar.

Mat, opphald og billigaste reisemåte blir dekt av fylkeslaget, så dette er eit arrangement som er gratis for alle som er medlemmer i MDG i Troms. Skuleringshelga har tre hovedfokus: 1. Grøn politikk. 2. Lokalpolitikk. 3. Kommmunikasjon (skrive leserinnlegg, delta i politisk debatt osb.)

Skuleringshelga startar klokka 10 laurdag føremiddag med frukost, og er ferdig sundag klokka 16. Det blir også middag for alle deltakarar klokka 19 laurdag kveld.

For alle som stiller på liste til haustens valg, er dette ein flott sjanse til å bli betre kjent med både partiet og andre engasjerte grøne medlemmer i Troms MDG.

Påmeldingsfrist er sett til onsdag 22.april klokka 22. Send påmelding til: troms@mdg.no

Eit meir detaljert program vil bli sendt ut til alle deltakarar nokre dagar før skuleringshelga.