Nominasjonar på rekke og rad

Lena

Dei to største byane i fylket, Tromsø og Harstad, har saman med fylkeslaget i Troms har allereie gjennomført nominasjon til kommune- og fylkestingsvalet i haust. 31.mars er fristen for å levera inn liste til valet, og i dei to komande vekene vil ei rekkje kommunar i Troms få innlevert liste frå Miljøpartiet Dei Grøne til kommunevalet.

Kåfjord stiller liste til kommunestyrevalet for tredje gong i år, medan fylkeslaget satsar på at det også vil bli levert liste for fyrste gong i Lenvik, Storfjord, Lyngen, Nordreisa, Skånland og Balsfjord.
– Sidan det er mange små kommunar i fylket, er det veldig bra dersom me greier å stilla liste i ni kommunar. Me skal sørga for at den grøne politikken blir synleg i kommunestyra i fylket, slik at det blir endå fleire som stiller liste og stemmer grønt om fire år, seier fylkesleiar Askild Gjerstad.

Det er ekstra gledeleg at det ser ut til å bli mange kvinnelege toppkandidatar på listene i Troms i år. Tromsø og Harstad har allereie nominert høvesvis Barbara Vögele og Lena Albrigtsen (til venstre på biletet) på fyrsteplass på sine lister, også i fleire av dei andre kommunane ser det ut til å bli kvinneleg toppkandidat.- For eit grønt parti er det ei sjølvsagt målsetjing at kvinner skal vera minst like synlege som menn. Derfor er me svært glade for at me ser ut til å få så mange godt kvalifiserte kvinner som grøne toppkandidatar ved årets kommuneval i Troms, seier Askild Gjerstad.

Datoar for nominasjonsmøter:
Balsfjord:    Torsdag 19.mars klokka 18 på Vollan gjestestue
Storfjord:    Måndag 23.mars klokka 18 på Skibotn samfunnshus
Lyngen:       Måndag 23.mars klokka 2030 på Magic Mountain Lodge
Lenvik:        Tysdag 24.mars klokka 18 på Finnsnes Hotell
Nordreisa:  Tysdag 24.mars klokka 20 (møtestad kjem)
Kåfjord:      Onsdag 25,mars klokka 17 på Husflidshuset, Manndalen
Skånland:   Tid og møtestad kjem