MDG sin energi- og klimapolitikk

MDG liten

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) tek til orde for ein svært ambisiøs klima- og energipolitikk. Me tek til orde for radikalt auka satsing på ENØK-tiltak, toprissystem på straum for å redusera luksusforbruk og utbygging av havvind for å nemna tre tiltak i energipolitikken. Dessutan ynskjer me, som einaste parti, å fasa ut produksjonen av olje og gass på norsk sokkel innan 20 år. Me vil heller ikkje opna fleire felt på norsk sokkel for petroleumsverksemd.

Odd Handegård bagatelliserer alle desse tiltaka i eit lesarinnlegg i Nordlys 23.august.
Han hevdar at desse tiltaka illustrerer at det berre er nyanseforskjellar mellom MDG og andre politiske parti. Påstanden er grunnlaus, MDG er det einaste partiet som vil starta omstillinga frå eit oljeavhengig til eit bærekraftig samfunn no.

Handegård skriv at vår tru på havvind er illusorisk. Det må han gjerne meina, men havvind kan bli eit nytt norsk industrieventyr. Boka ”100 000 klimajobber og grønne arbeidsplasser nå” av Andreas Ytterstad kalkulerer for eksempel med at satsing på havvind kan skapa 50 000 nye arbeidsplasser i Noreg. Utviklinga i dag går for sakte, men det vil MDG gjera noko med. Me vil utlyse det fyrste området for havvind allereie neste år, og me vil prioritera havvind framfor olje i forvaltningsplanane for norske havområde.

Handegård meiner det verste i MDG sitt program er forslaget om at ”Statnett må prioritere utbygging av mellomlandslinjer som bidrar til fornybar energiutbygging og eksport av fornybar energi”. Han hevdar at Noreg sitt overskot av fornybar energi er lite og at dette overskotet bør brukast nasjonalt. Det er feil. Statistisk sentralbyrå si vurdering i januar i år var at me går mot eit kraftoverskot på 22-34 TWh i 2020, med føresetnad om at kraftprisane er uendra. Dersom me skal bruke denne krafta i Noreg vil prisane falla dramatisk, fordi tilbodet blir mykje større enn etterspurnaden. Då aukar også forbruket. Det luraste me kan gjera med dette overskotet er derfor å eksportera det.

Dette er også lurt av ein annan grunn.

Den europeiske energimarknaden er som Handegård seier avhengig av energi frå kol og gass i dag. Dersom målet om at me skal greia å innfri målet om maksimum to graders temperaturstigning, seier FN at minimum 2/3 av dei kjente førekomstane av kol, gass og olje må bli liggjande under jorda. Då må den europeiske kraftmarknaden bli radikalt endra i åra framover, og dette ser me allerede teikn på. Eitt døme er at Tyskland har skapt 2 millionar nye arbeidsplassar i fornybarsektoren.

Når den fossile energien skal bli erstatta av fornybar kraft, er utfordringa at den fornybare energien ikkje leverer like stabil kraft som fossile energikjelder. For å sei det enkelt, Europa treng også energi på dagar det ikkje er vind eller sol. Ein europeisk energimarknad som har ein stor del fornybar energi vil derfor vera avhengig av import av vasskraft, for å erstatte kull og gass som balansekraft. Nesten halvparten av Europa sinn vassmagasinkapasitet ligg i Noreg. MDG vil derfor styrke overføringskapasiteten til naboland og kontinentet for å sikra eit meir effektivt og fleksibelt kraftsystem i Nord-Europa, som kan takla ein mykje større del fornybar energi enn i dag.

For MDG er det viktig at norsk vasskraft ikkje berre fører til større forbruk i Europa. Dette er uansett ikkje noko stort problem, fordi kraftforbruket i EU er relativt stabilt. Forbruket var stort sett det same i 2011 som i 1990, og EU har dessutan ambisiøse mål for å redusere energiforbruket. Utbygging av mellomlandslinjer er eit viktig stønad til det skifte av energikjelder som foregår i EU i dag, som er heilt nødvendig for å løysa klimaproblemet.

Miljøpartiet Dei Grøne har utmeisla den i særklasse mest ambisiøse energi- og klimapolitikken av dei norske politiske partia. Ein ambisiøs energi- og klimapolitikk som tek innover seg den klimautfordringa verda står overfor, kan ikkje gjera som Handegård, og ta til orde for ein energipolitikk som ikkje strekker seg lenger enn til svenskegrensa. Me må tvert i mot nytta oss av dei moglegheitane me har til å hjelpe andre land i klimadugnaden.

Askild Gjerstad, 1.kandidat til stortingsvalet for MDG i Troms

Trykket i bladet iTromsø 28. august