Nei til helikopterflyging av turistar

WP_20150323_21_50_05_Pro

Ola Giæver vil starta med helikopterflyging av skituristar til fjells i Lyngen. Giæver fekk tysdag 14.april støtte frå eit knapt fleirtal i formannskapet i Lyngen for å starta sokalla heliski i Lyngen. Fjellførar og 1.kandidat for Miljøpartiet De Grønne Lyngen, Mikal Nerberg (biletet), stilte til debatt med Giæver i Nordpå-sendinga til NRK Troms 15.april.

– Me veit frå undersøkingar at dei aller fleste turistar kjem til Lyngen for å oppleva ro og uberørt natur. Helikoptertransport av turistar i Lyngen vil påverka ferdselen til tre av dei mest populære fjella i Lyngen. Når me veit at vedtaket også er i konflikt med motorferdselloven, er eg sikker på at fylkesmannen vil gjera det einaste fornuftige og setja foten ned for Giæver sitt prosjekt, sa Nerberg til NRK Troms

Høyr heile diskusjonen mellom Giæver og Nerberg her. Trykk «play» når du kjem inn på nettsida til NRK for å høyra diskusjonen.