Historisk oppslutning for MDG i Troms

ValgutstyrMDG i Troms fekk 2,5% oppslutning og 2193 stemmer i fylket til stortingsvalget på måndag. Det er ein fantastisk prestasjon, for berre fire år sidan hadde me berre 255 stemmer eller 0,3% oppslutning i Troms. Me blei det 5. beste fylket for MDG nasjonalt, det skal me også vera stolte av i eitt fylke kor den politiske debatten ofte dreier seg om oljeaktivitet og vegbygging.


Valkampen i Troms har aller mest vore eit eventyr. Kven hadde i trudd i januar då me hadde nominasjonsmøte at me i haust skulle vera med å kjempa om stortingsplass i Troms? MDG har vist dei siste vekene at me er i stand til å endra norsk politikk. Me har satt miljø og klima på dagsorden i valkampen, både her i Troms og nasjonalt.

Tusen takk til alle som har vore med på å gjera MDG synlege i media, i gatene og på skuledebattane i Troms dei siste vekene. Og ikkje minst, tusen takk til alle som stemte på oss. Me kjem endå sterkare tilbake i kommune- og fylkestingsvalet om to år!

Her ser du flere av MDGs valgresultater